Strandryddeuka Sogn og Fjordane - Fjordane friluftsråd - fjordanefr.no

Rydd på heimebane i Strandryddeveka

Konkurranse for idrettslag, i samarbeid med Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane

Vi oppfordrar all organisert idrett til å bruke delar av ei treningsøkt til å «rydde på heimebane» mellom 12. og 16. september.

Det nærmar seg tid for Noregs største frivillig ryddedugnad – Strandryddeveka, som går av stabelen 8.-18. september

Thea Båtevik, koordinator for frivillig opprydding i Sogn og Fjordane, håpar at mange nye frivillige blir med på ryddedugnad i år – det er tross alt frivillighetens år.

Alle idrettslag som deltek kan vinne pengepremie på 1000 kr.

Ho fortel at kvar dag har sitt eiget tema. Tirsdag 13. september er det idretten sin dag; «Rydd på heimebane».  Fjordane Friluftsråd og Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane inviterer alle idrettslag i områder av «tidligare» Sogn og Fjordane til å ta i eit tak for naturen, og har trekning om pengepremie for lag som deltek.

Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no - strandryddeuka

Vær kreativ!

Thea fortel at det finnes mange måter ein kan delta på. Din idrettsgruppe kan enten treffes for ein ryddeaksjon utenom treningstid, eller sette av deler av ei treningsøkt til å rydde på heimebane.

Inspirasjon til treningsøkt:

  • «Plogging» i stadenfor jogging som oppvarming, altså plukk søppel imens du joggar. Dette er kjekt å gjere i små grupper fordelt på eit større område. Slik blir aktiviteten også sosial.
  • Rydd idrettsanlegg/tribune/fotballbanen fri for boss. Her ligger det bruskorkar, flaskar og sjokoladepapir.
  • Orientering med søppelplukking.

Mesteparten av alt avfall som hamnar på avvegar ende til slutt i havet; kvikklunsj-papiret som flaug av stades frå ein fjelltopp ende i ein bekk, blir frakta til ei elv som ender i havet. Derfor er det like viktig å rydde i skogen, langs elver, i parker og på skuleområde.

Meld på ditt idrettslag her!

For å være med i trekninga ynskjer vi at du sender mail med følgende informasjon til thea@friluftsrad.no

FØR strandryddeveka:

  1. Namn på idrettslag
  2. kontaktinformasjon til ansvarleg vaksen
  3. Ca. kor mange som skal vere med
  4. Kvar skal dykk rydde, og korleis legg dykk opp økta?
  5. Har du ein plan for handtering av avfallet? Vi hjelper deg gjerne!

Ved avslutta aksjon:

  1. Send eit bilde av alle deltakarar, og av bosset som vart samla inn.

Utstyr til rydding

Vi oppfordrar alle som ryddar til å bruke hanskar. Dette og små sekker som egner seg godt for rydding på land, kan dykk bestille GRATIS hos Hold Norge Rent. Du kan også sjå om det er eit utstyrslager nær deg her.

Kor skal vi kaste avfallet?

Ha ein plan for kor du skal hive avfallet! Kontakt ditt lokale avfallselskap, eller sjå våre nettsidar. Ved større aksjonar kan vi eksempelvis setje ut konteinar til avfall. Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål!

Skuleturné for havet - Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no

Lurer du på noko?

Kontakt oss:

Fjordane Friluftsråd - Thea Båtevik