lasse@friluftsrad.no
Lasse Lund
med eigen båt i Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane har fått sin eigen «Skjergardsteneste», som inneber eigen båt. Her i fylket er det Lasse Lund som styrer skuta, som koordinator og skipper, på den raude og godt synlege båten «Arlene».
Dei skal i hovudsak drive med renovasjon, vedlikehald og skjøtsel av offentlege friluftsområde langs kysten, men dei tek også på seg transportoppdrag for offentlege instansar og private. Skjergardstenesten er eit spleiselag mellom staten ved Miljødirektoratet, Vestland fylkeskommune og medlemskommunane. I Sogn og Fjordane er Skjergardstenesten også sentral i kampen mot marin forsøpling.
Informasjon og haldningsskapande arbeid om bruken av skjergarden, fell også under Skjergardstenesten sine oppgåver. Her i fylket vil ein samarbeide med Statens Naturoppsyn (SNO) om oppsynsoppgåver i naturvernområde og fiskerioppsyn.
Fjordane Friluftsråd som disponerer båten «Arlene» ønskjer å vere på tilbodsida, og vil gjere ein innsats for reiselivsnæringa – med tilsyn og vedlikehald av friluftsområde på stader med vanskeleg tilkomst. Elles er dei med i eit prosjekt der dei hentar inn eigarlause båtvrak i tillegg til henting av oppsamla marin forsøpling.
Vestkystparken er ein fellesorganisasjon for Skjergardstenesten i Rogaland og Vestland, frå Åna-Sira til Stad. Det handlar om drift og tilrettelegging av friluftsområde ved sjøen. Gjennom eit samarbeid mellom SNO, fylkeskommunane og friluftsråda, driftar ein ei lang rekke friluftsområde.
Skjergardstenesten er også tilgjengeleg for transport av dyr, materialer, utstyr m.m. for private
Skjergardstenesten tar på seg oppdrag for både offentlege og private.
Ta kontakt for uforpliktande tilbod: