Søk om motivasjonsmidlar no!

SØKNADSFRIST 1. mars 2024

Vi kryssar fingrane for at den verste stormen er over, og at sesongen for strandrydding snart er i gong. Bli med du og!

Fjordane Friluftsråd lyser ut motivasjonsmidlar til tiltak mot marin forsøpling. Finn på noko kjekt saman med din organisasjon/skuleklasse, og kombiner det med ei strandryddeøkt. Midlane kan brukast til å dekke kostnadar knytt til ryddeaksjonen, som til dømes mat og transport. Dei kan og brukast til førebyggande tiltak mot marin forsøpling.

Den store vårryddedagen er 16. mars, og kan vere ein god anledning til å lage ein ekstra innhaldsrik ryddeaksjon.

1. Kven kan søkje om tilskot?

  • Stiftingar registrert i einingsregisteret, frivillige og ideelle organisasjonar
  • Private verksemder, som ikkje er enkeltpersonføretak
  • Sjølvstendige kommunale/interkommunale selskap og samarbeidsorgan
  • Foreiningar/lag, som t.d.: skular, korps, idrettslag, bygdelag osv

Vi delar ut midlar til tiltak i medlemskommunane våre og tilgrensande kommunar; Solund, Askvoll, Kinn, Bremanger, Stad, Stryn, Gulen, Høyanger, Hyllestad, Fjaler, Sunnfjord og Gloppen.

Desse kan IKKJE søke:
• Offentlege organ (til dømes kommunar)
• Privatpersonar og enkeltpersonføretak

2. Kva kan eg søkje om tilskot til?

  • Prosjekt med hensikt å førebygge marin forsøpling til dømes informasjonskampanjar, utvikling av rettleiingsmateriell retta mot spesifikke grupper.
  • Opprydding av marin forsøpling og utgifter knytt til slike aksjonar.

Til dømes:

    • Transport av frivillige til og frå ryddeområdet.
    • Mat og overnatting i samband med ryddeaksjonar
    • Transport av avfall til godkjent mottak etter opprydding av marin forsøpling.
    • Leige av utstyr, refusjon av drivstoff og bruk av privat båt/bil/hengar/ATV/traktor.

Motivasjonsmidlar kan IKKJE brukast til:

    • Lønn eller administrative utgifter, bruk av motivasjonsmidlar skal ikkje undergrave prinsippet om at opprydding skal basereast på dugnad og frivilligheit.
    • Prosjekt utanfor Norge.

3. Søk her

FRIST 1. MARS 2024

Fyll ut skjema:

"*" obligatorisk felt

Kven søkjer? (Kontaktperson)*
Oppgi kontonummer til søkjer
Kva kommune skal dykk rydda?*
MM slash DD slash YYYY
Kryss av*

Takk for at dykk ryddar og bidrar til haldningsendring!

Kryss av*
Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.

Har du spørsmål? Ta kontakt med oss!

Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no - Marfo - senter mot marin forsøpling