FJORDANE FRILUFTSRÅD SKAL RYDDE SVALBARD

Rydd Norge-programmet skal i gang på Svalbard, og ryddeaktøren er landa.

Det var viktig for oss å ta vårt samfunnsansvar ved å bruke vår kompetanse, erfaring og kapasitet der den kan være til nytte, sier Bjarte Engevik i Fjordane Friluftsråd, som har fått det ærefulle oppdraget

Ryddeoppdraget startar 15.august og varer til 12. september 2023. Utreise er frå Longyearbyen, og områda som skal ryddast ligg ved Biscayar og Reinsdyrsflya i nordre del av Albert 1 land. Ryddinga er finansiert av Handelens Miljøfond og blir administrert gjennom SALT AS. Handelens Miljøfond leiger inn PolarX sitt fartøy PolarXplorer til toktet.

RYDDING I EIT KREVJANDE OMRÅDE

Ryddere som ikke holder til på Svalbard til vanlig skal bo ombord i båten i perioden det ryddes. Vi er svært fornøyde med å ha fått på plass Fjordane Friluftsråd til dette oppdraget, som er en aktør med lang erfaring fra ryddearbeid, noe som trengs ved rydding i et krevende område som Svalbard, sier Cecilie Lind, daglig leder i Handelens Miljøfond.

MYKJE ERFARING MED RYDDING

Ryddemannskapet på oppdraget er på 10 personar, herav fleire som fastbuande på Svalbard eller med erfaring frå Svalbard. Andre er tilsett i Fjordane Friluftsråd med god erfaring med rydding av marint avfall. Fjordane Friluftsråd har over fleire år hatt strandryddeoppdrag for Handelens Miljøfond på kysten og innover i fjordane av dei verharde områda heilt nord i Vestland i gamle Sogn og Fjordane. Fjordane Friluftsråd vart skipa i 2017 og har i dag 16 tilsette, av desse er det 11 som direkte eller indirekte arbeider med strandrydding.

Bjarte Engevik, Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no

TETT SAMARBEID

Vi samarbeider tett med våre 6 medlemskommunar, Solund, Askvoll, Bremanger, Kinn, Stad og Stryn for å sikre at flest mogleg kan være ute i naturen og forvalte friluftsområde. Vi har tett samarbeid med både kommunal, fylkeskommunal og statleg forvalting. Denne erfaringa og kompetansen tek vi med oss inn i det nye oppdraget med å rydde områder på kysten av Svalbard, seier Bjarte Engevik, dagleg leiar i Fjordane Friluftsråd

Den akkumulerte massen av marint avfall i eit arktisk og sårbart strøk som Svalbard – er det viktig å rydde. For eit lite samfunn som Svalbard med ca 2200 mennesker og heile 8500 km kystline er det krevjande. Dei korte sesongane i arktiske strøk, ofte med skiftande vær- gjer oppgåva med å rydde utfordrande.

Vi er særs takksame for at vi fekk dette oppdraget av Handelens Miljøfond i samarbeid med SALT AS. Vi gler oss til å hjelpe og samarbeide med samfunnet på Svalbard i arbeidet med å rydde den flotte naturen på Svalbard, seier styreleiar Arlene Oddbjørg Vågene i Fjordane Friluftsråd.

Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no - handelens miljofond