Friluftsskule, Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no

SOMMARJOBB SOM INSTRUKTØR PÅ FRILUFTSSKULANE 2024?

Vi søkjer deg som er glad i friluftsliv, natur og ynskjer å arbeide med born og unge. Til gjennomføringa av Friluftsskulane 2024 søkjer vi deg som er mellom 18-24 år og ynskjer å vere instruktør på skulane.

Fjordane Friluftsråd tilbyr draumejobben som instruktør på Friluftsskulane våre i sommar. Lære born mellom 9-13 år grunnleggjande ferdigheiter i friluftsliv med 3 dagar kurs. Samla skal det haldast 10 Friluftsskular i medlemskommunane våre, og treng instruktørar til dei 8 skulane som skal avhaldast i Bremanger, Kinn, Stad og Stryn, perioden 24.06 – 08.08. Jobben gjer god praksis for m.a anna friluftsliv- og lærarstudentar.

Søknadsfrist 5. mai: Kort søknad med CV og veker du kan gjennomføre sendast til anna@friluftsrad.no

Vi ser etter deg som…

  • Er glad i natur og friluftsliv
  • Likar å arbeide med born og unge
  • Ha førerkort klasse B, ikkje eit krav
  • Kunne vise gyldig politiattest
  • Friluftsliv- eller lærerstudentar ved høgskular eller universitet
  • Kan disponere eigen bil med hengerfeste, ikkje eit krav
  • Instruktørkurs i padling og klatring
  • Førstehjelps-/livredningskurs
  • Lokal kjennskap til fleire av kommunane

Personlige eigenskapar

  • Ansvarsbevisst
  • Sjølvstendig
  • Roleg
  • Lyttande
  • Handlekraftig