Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no

Turrydding i Stryn kommune

Bli med på ei meiningsfull og sosial ettermiddag i frisk natur

Bli med på «Turrydding» i Stryn kommune onsdag 31. august.

Fjordane Friluftsråd inviterer til “turrydding” – eit tilbod til alle som ynskjer ein meiningsfull og sosial ettermiddag i fin natur og godt sosialt lag. Arrangementet er GRATIS og opent for ALLE.

Informasjon til deltakarar

Oppmøte ved Strynsvatnet Camping onsdag 31. august klokka 17.

Vi starter med litt lettere servering for å få opp blodsukkeret etter ein dag på skule og jobb. Deretter rydder vi både land og vatn (frå båt, for dei som vil) i tilsaman ca. 2 timer. Vi avslutter med å grille pølser på bålpanne. Hugs å melde ifrå om eventuelle diettpreferanser eller allergier når du melder deg på.

Lenke til GRATIS påmelding

Vi ynskjer at alle som vil bli med registrerer seg gjennom denne GRATIS påmeldingslenka.

Like fin som før - Likefinsomfør - Hold Norge Rent - Fjordane Friluftsråd - fjordanefr.no

Tur med meining

Dette blir ei ettermiddag i frisk natur med litt ekstra meining. Snart er det duka for strandryddeveka (8.-18. september), kor første helg er dedikert til å ta ei «tur med mening». Rett og slett ynskjer vi at fleire tar med seg ei pose når dei skal på tur – eller kanskje legger turen til fjøra denne helgen. Vi håper fleure blir inspirert til å gi naturen litt ekstra kjærleik under strandryddeveka 2022.

Gratis utstyr og enkel handtering av avfall

Thea fortel at dei distribuerar gratis sekker og hansker til dei som vil ha. Desse kan du hente gratis på servicekontoret til Stryn kommune. Avfall kan du levere GRATIS på Nomil gjenbruksstasjon. Om du trenger hjelp med å handtere avfallet kan du òg kontakte  Fjordane Friluftsråd.

Ynskjer du å arrangere ein ryddeaksjon? Vi hjelper deg gjerne!

Har du spørsmål knytta til arrangementet?

Ta kontakt:

Fjordane Friluftsråd - Thea Båtevik