Strandryddeuka Sogn og Fjordane - Fjordane friluftsråd - fjordanefr.no

Søk motivasjonsmidlar til Strandryddeveka 2022

SØKNADSFRIST 28. AUGUST

Fjordane Friluftsråd lyser ut motivasjonsmidlar til tiltak mot marin forsøpling i og etter strandryddeveka (8.-18. september).

I år håper vi på eit ekstra stort engasjement ifb med strandryddeveka 2022 – spesielt mtp at det er frivillighetens år. Det går også an å søkje om midlar til gjennomføring av tiltak seinare i haust og vinter.

Vi inviterer lag/organisasjonar, bedriftar og skular til å søkje om midlar til tiltak som kan vere med å bekjempe forsøpling i naturen. Midlane kan brukast til å dekke kostnadar knytt til ryddeaksjonar eller førebyggande tiltak.

Delar av midlane kan òg gå til premiering/inntekt til til dømes ein innsamlingsaksjon til skuletur etc.

1. Kven kan søke om tilskot?

  • Stiftingar registrert i einheitsregisteret, frivillige og ideelle organisasjonar.
  • Private verksemder, som ikkje er enkeltpersonforetak.
  • Sjølvstendige kommunale/interkommunale selskap og samarbeidsorgan.
  • Foreiningar / lag, som t.d.: skular, korps, idrettslag, bygdelag, avfallsselskap osv.

Vi delar ut midlar til tiltak i våre medlemskommuner; Solund, Askvoll, Kinn, Bremanger, Stad, Stryn. Tilleggsvis deler vi ut midler i våre tilgrensende kommuner dersom midlene strekker til; Gulen, Høyanger, Hyllestad, Fjaler, Sunnfjord og Gloppen.

Desse kan IKKJE søke:
• Offentlige organer (f.eks. kommunar).
• Privatpersoner og enkeltpersonforetak.

NB: Privatpersonar som har kostnader knytt til strandryddeaksjonar kan ta kontakt med Fjordane Friluftsråd, eller søke refusjon hos Hold Norge Rent

2. Kva kan eg søke om tilskot til?

  • Prosjekt med hensikt å førebygge marin forsøpling f.eks. informasjonskampanjar, utvikling av rettleiingssmateriell retta mot spesifikke grupper.
  • Opprydding av marin forsøpling og utgifter knytt til slike aksjonar.
  • Delar av tilskotet kan gå til premie/inntekt til organisasjon/lag/skuleklasse. Til dømes til ein innsamling til skuletur, innkjøp av utstyr til bygdelaget osv.

Som t.d.:

  • Transport av frivillige til og frå ryddeområdet.
  • Mat og overnatting i samband med ryddeaksjonar
  • Transport av avfall til godkjent mottak etter opprydding av marin forsøpling.
  • Leige av utstyr, refusjon av drivstoff og bruk av privat båt/bil/hengar/ATV/traktor.
  • Trykk/print av infoplansjer.

Motivasjonsmidlar kan IKKJE brukast til:

  • Lønn eller administrative utgifter, bruk av motivasjonsmidler skal ikkje undergrave prinsippet om at opprydding skal baseres på dugnad og frivillighet.
  • Prosjekt utanfor Norge.

3. Søk her

FRIST 28. AUGUST 2022

Om du ønskjer å søke, kan du svare på følgjande spørsmål – og sende svara til fagleg leiar for marin forsøpling.

OPPRYDDING AV MARIN FORSØPLING:

  1. Fortell oss litt om kven som søkjer.
  2. Kva område har de tenkt til å rydde?
  3. Kor mange (ca.)?
  4. Når vil aksjonen finne stad?
  5. Kva skal midlane de søkjer om dekke? For eksempel transport, mat til dagen, utstyr, henting og levering av søppel osv. Oppgje total søkesum og ca. kor mykje som er tiltenkt kvar budsjettpost.
  6. Kva forventer de å oppnå med dagen?
  7. Vil du adoptere ei strand?  Ved å adoptere ei strand tar de ansvar år etter år for å rydde jamnleg på dette området.
  8. Oppgje organisasjonsnummer og kontonummer til søkjer
  9. Oppgje telefonnummer og epost til kontaktperson

FØREBYGGANDE TILTAK:

NB! berre svar på desse spørsmåla om du spesifikt søkjer om midler til eit førebyggande tiltak.

  1. Kven rettar prosjektet seg mot?
  2. Kva er ideen din? Vennligst beskriv det for oss!
  3. Kvifor er det viktig å endre haldningar i nettopp denne målgruppa?
  4. Kva vil du oppnå med ideen din?

Send søknaden til oss, innan 28.08.2022